torsdag 29. oktober 2009

Dagens alvorsprat: "Mengele Zoo"

Oppgåve 4: Ta for deg ein film du nettopp har sett eller ei bok du nettopp har lese. Grei ut om innhald, tema og virkemiddel! Kva kan ein lære av boka/filmen?
Bok: Gert Nygårdshaugs «Mengele Zoo», utgitt 1989.



Om du berre skal lese ei bok i år; la det bli «Mengele Zoo»

I ein liten landsby i den tykkjaste jungelen i Latin-Amerika bur unge Mino med familien sin. Mino er sommerfugljeger; han fangar dei vakraste sommerfuglar i jungelen, bedøver dei og spikrar dei opp i kasser som han og faren sel for å få penger til mat til familien. Mino lever eit enkelt liv; det er ingen velstand i landsbyen, men dei har alltid klart å berge seg med mat til innbyggjarane. Dei siste åra har dette blitt vanskeleg; vestlege handelsfolk og forretningsmenn har gjort sitt for å forarme jordsmonnet, og det ulmar under den fredelege overflata i den lille landsbyen allereie før ein gammal tapper mann ropar høgt hva han meiner – og blir slakta på stedet av menn med gevær, rett for nasen på landsbyens barn og innbyggjare. Dei rike har makta; jungelfolket fortvilar og protesterer. Sjøl tar Mino og ein kamerat livet av ein «politimann» ved hjelp av ei fille dynka i kloroform.

Ein dag Mino skal ut på sommerfugljakt bestemmer han seg for å dra lenger enn han nokon gong har dratt før. Han går langt vekk ifrå landsbyen, fanger den eine sommerfuglen vakrare enn den andre, et bær og alt anna spiseleg jungelen har å by på og går tilbake til landsbyen, lykkeleg uvitande om kva som ventar ham der. Dei vestlege kapitalistane med skarpladde våpen og stenansikt har vært der, og no er det ikkje ein levande sjel igjen. Overalt ligg venner, familie og trufaste husdyr i blodpølar med frosne skrik om munnen. Mino skal aldri, ikkje mens han vandrar retningslaust rundt i jungelen på leit etter hjelp, turnerer med tryllekunstnaren som finn ham og reddar ham, lever av pengane han tjenar på tryllekunstnerlivet og siden studerer, glemme dei som knuste alt han kjente og verdsette.

Han blir venn med tre andre unge menneske, to jenter og ein gut, og saman dannar dei Mariposa-gruppen; ei gruppe som slåst for det som lett blir gløymt i den vestlege verden; jungelens rettigheter og respekt for dens hemmelegheter. Dei er ambisiøse og arbeidar hardt, og innen svært kort tid er gått er Mariposa-gruppen ein av verdas mest berømte og fryktede terrorgrupper. Mariposa-gruppen rammer hardt og nådeløst, og slår ned på all form for uttnyttelse av verdas mest undervurderte ressurs; regnskogen.

Gert Nygårdshaug klarar det umoglege; han sår eit frø av forståelse og sympati for terroristar. Han viser, gjennom si brutale fortelling om unge, vakre og intelligente Mino, kva som driv dei fram kvar gong dei planlegger eit åtak som vil drepe fleire titalls, hundrer – ja, kanskje tusener – av mennesker. Sjøl historien om Mino ikkje er sann, er det ein historie som lett kunne vore det, og uavhengig av graden av sannheit er det en historie som har eit utall antall paralleller til verda vi lever i. Se berre på Hamas si rolle i Palestina-Israel-konflikten; Hamas er ansett som terroristorganisasjon av Israel, USA og EU, sjøl om dei mer voldelege aksjonane deira lett kan kalles selvforsvar sett i ein større målestokk. Og kva fikk egentlig Osama bin Laden til å gå til åtak på USA?

Som eit glupt hode uttalte ein gong; «terrorisme er teater». Det er ein iscenesatt protest, ein desperat siste utveg, eit rop om hjelp.

1 kommentar: